Ingeborg Johansen skal bli kvitt søppelet ved hjelp av kråker og skjorer. Desse fuglane er nemleg særs nysgjerrige og lærvillige; og viss dei får ein godbit kan ein trene dei opp til mykje.
Ingeborg,som står bak DeBoss, gjennomførte og vann 1. plass i akseleratorprogrammet ITSAStart - noko som gav henne ei polleninvestering frå Validé på kr 100.000 og lysten til å gå all-in med forretningsidéen. No skal det byggast prototypar, som skal plasserast omkring i distriktet for testar. Og, basert på medieomtale har ho allereie fått merksemd utanfor Norge sine grenser. Me ynskjer Ingeborg velkomen i inkubatoren! Les meir om DeBoss her (for Haugesunds Avis sine abonnentar)
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.