EcoCrow kombinerer dyrelæring og teknologi for å redusere forsøpling
EcoCrow er ein automatisk innsamlingsstasjon som reduserer forsøpling ved å kombinere naturleg læring hos kråkefuglar med moderne teknologi.
Løysinga er utvikla for bruk i industriområde, byrom og andre opne uteområde der plast og småsøppel lett hamnar på avvegar og vidare ut i naturen.
Systemet fungerer ved at fuglar leverer små avfallsgjenstandar i stasjonen, som registrerer hendinga og gir ei kontrollert belønning. EcoCrow kombinerer sensor- og kamerateknologi med eit robust design tilpassa nordiske forhold, og er utvikla for stabil drift med minimal manuell oppfølging.
Løysinga bidreg til å redusere mengda avfall som elles når fjordar og hav, samtidig som kundar får tilgang til dokumenterbar effekt gjennom data og innsikt frå systemet.

Ei løysing som kombinerer læring, teknologi og natur — i praksis.
Fuglen plukkar sneipar og småsøppel og legg det i EcoCrow stasjonen.
Den smarte stasjonen registrerer og løner fuglen automatisk med noko godt.
Data blir samla i sanntid — miljøeffekten blir dokumentert og rapportert.
EcoCrow tilbyr smarte funksjonar utvikla for effektiv og berekraftig avfallshandtering.
Sensor- og kamerateknologi med robust nordisk design
Utvikla for stabil drift med minimal manuell oppfølging
Full tilgang til data og innsikt for målbar effekt
Passar også for privatpersonar med interesse for natur og miljø som vil bidra aktivt i kampen mot forsøpling.